Årdal Sogelag
Menu
NY TUR: Astrid Myran Aarvik er no klar med ein ny amerikatur i april 2018. Her eit bilete frå ein tidlegare USA-tur. NY TUR: Astrid Myran Aarvik er no klar med ein ny amerikatur i april 2018. Her eit bilete frå ein tidlegare USA-tur. (Foto: Årdal Sogelag)

Astrid arrangerer ny amerikatur

Dei som har venta på ein ny tur til USA, bør no setja av 14 dagar i 2018. Frå 8. til 21. april tek Astrid Myran Aarvik med seg eit reisefølgje på det ho kallar "Southern Music Tour".

 

Som namnet på turen fortel, er det snakk om ei reise til Sør-statane i USA, og til stader ein koplar med musikk. I USA startar turen i Atlanta, Georgia, og i løpet av dei to vekene kjem ein innom byar som Chattanooga, Nashville og Memphis. Før dei heile endar opp i New Orleans.

 

Turen, som Astrid Myran Aarvik arrangerer saman med Explore Travel, kan de lesa meir om på ein av desse nettstadane:

 

http://www.usaincoming.com/Tur_til_S%C3%B8rstatane_2018.htm

 

eller

 

http://www.exploretravel.no/usa---southern-music-tour.html 

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter