Årdal Sogelag
Menu

Astrid arrangerer ny amerikatur

Dei som har venta på ein ny tur til USA, bør no setja av 14 dagar i 2018. Frå 8. til 21. april tek Astrid Myran Aarvik med seg eit reisefølgje på det ho kallar "Southern Music Tour".

 

Som namnet på turen fortel, er det snakk om ei reise til Sør-statane i USA, og til stader ein koplar med musikk. I USA startar turen i Atlanta, Georgia, og i løpet av dei to vekene kjem ein innom byar som Chattanooga, Nashville og Memphis. Før dei heile endar opp i New Orleans.

 

Turen, som Astrid Myran Aarvik arrangerer saman med Explore Travel, kan de lesa meir om på ein av desse nettstadane:

 

http://www.usaincoming.com/Tur_til_S%C3%B8rstatane_2018.htm

 

eller

 

http://www.exploretravel.no/usa---southern-music-tour.html 

Les mer

Årdal før og no ligg snart i postkasen

Dei om lag 1.100 medlemene i Årdal Sogelag kan sjå fram til ei ny, og innhaldsrik, utgåve av "Årdal før og no". Nummer 48 av bladet blir levert til Posten 21. juni.

I løpet av veke 25 eller 26 skal sogelagsmedlemene ha sommarutgåva av  "Årdal før og No" i postkassen sin. Posten skal distribuera heïle opplaget denne gongen, og ifølgje trykkeriet me brukar, Skrivargarden as, kjem dei til å levera heile opplaget til Posten måndag 21. juni.

Bladet er denne gongen på 48 sider, og på desse sidene kan de mellom anna lesa om den første årdølen som tok lærarutdanning, Thomas Anfinnson Lægreid. Også ein av elevane til Lægreid blir presentert, nemleg læraren og lærebokforfattaren Jens Olsson Hæreid. Han var ein av forfattarane bak læreboka "Vi ere en nasjon", som var i bruk i grunskulen fram til 1969.

God sommar med godtl lesestoff!

Les mer

Ny leiar i sogelaget

 

 

Bjørn Lindland vart takka av som leiar i Årdal Sogelag på årsmøtet 16. februar 2017. Jørgen Asperheim tok over leiarvervet.

Bjørn, som har vore med i sogelagsstyret heile vegen sidan oppattstarten i 1992, er framleis med i styret. No som nestleiar. Etter vala på årsmøtet, og etter at styret konstituerte seg i styremøtet 16. mars, er styresamansetjinga slik:

Leiar: Jørgen Asperheim, nestleiar: Bjørn Lindland, kasserer: Helge Øvstetun, skrivar: Kjell Eldegard, styremedlemer: Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund og Sigfrid Hovland. varamedlemer: Elin Hæreid og Jan Grønsberg.
Einar Asperheim held fram som revisor.

 

        Årsmøtet vart halde på Klingenberg hotell i år.

SOGELAGSBRAKKA

I år er det meininga at planane om å innreia eit pendlarrom og eit krigsfangerom i sogelagsbrakka skal setjast ut i livet. Dersom nokon er interesserte i å vera med og gjera ein innsats i brakka, er me i sogelagsstyret glade for all hjelp me kan få.
Då er det berre å ta kontakt med Jørgen Asperheim eller ein av dei andre i styret.

Les mer

Kulturkveld i Vikadalen


 Vikadalen Ungdomslag, saman med Årdal Sogelag, arrangerer ein kulturkveld i ungdomshuset i Vikadalen tysdag 21. mars kl 19.00.
På programmet denne kvelden står framsyning av gamle bilete frå Vikadalen, slike som biletet ovanfor. Siktemålet med kvelden er å finna meir ut om bileta. Namn på personar, så vel som å få vita meir om bygningar og stader i dalen

Det vert ein pause i løpet av kvelden, og då vil det bli selt kaffi og noko å bita i.

Arrangørane tek sikte på å hakda på fram til om lag klokka 21.30.

Vel møtt! 

 

 

 

Les mer

Nytt frå sogelaget

 

Jørgen Asperheim vart valt inn i styret som nestleiar, då Årdal Sogelag heldt årsmøte på Klingenberg torsdag 25. febraur i år.
Nestleiarfunksjonen er ny i Årdal Sogelag. Difor måtte det til ei endring i vedtektene for laget. Ei endring som årsmøtet slutta seg samrøystes til.

Styret

Etter årsmøtet er styret i Årdal Sogelag sett saman slik: Leiar Bjørn Lindland, nestleiar Jørgen Asperheim, kasserar Helge Øvstetun og sekretær Kjell Eldegard. Dei fire styremedlemene i laget er Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund og Sigfrid Hovland.
Astrid M. Aarvik og Jan Grønsberg er varamedlemer til styret, og Einar Asperheim er revisor.

Ved årsskiftet 2015/2016 talde me opp 1.144 betalande medlemer i sogelaget, mot 1.131 medlemer året før. I tillegg til at medlemene vår er flinke med å betala kontingenen sin, er det mange som gjev pengegåver til laget. I fjor fekk me inn 31.050 kroner i slike gåver frå i alt 152 medlemer.
Styret takkar for desse rause gåvene.

Dugnadshjelp

Utover våren blir det ein del dugnadsarbeid i sogelaget. Både i sogelagsbrakka i Saltviki og på lageret me har i kjellaren i Samfunnshuset på Årdalstangen.
Er det medlemer som vil vera med på ein dugnadsinnsats, er det berre å ta kontakt med ein av dei som er med i styret.

Les mer

USA Golden West tur 2015

SOGELAGET organiserte i oktober sin niende fantastiske tur til USA for sine medlemmar, og her kjem nokre gode minner for alle som var med oss, men også for dei som ikkje tok del i den. Turen gjekk fra Bergen via London, til Phoenix i Arizona.

Fra flyplassen i Phoenix, Arizona                                                 

Velkomstdrink fekk vi i Scottsdale, Arizona Embassy Suites, etter ein lang og slitsom flytur.

Vi starta oppleva USA på veg mot Oak Creek Canyon, Coloradoplatået og Sedona i Red Rock naturområde.

"Pink Jeep Sightseeing" tur i fjellområdet ved Grand Canyon. Det var mogeleg å ta turar med helikopter over Grand Canyon, noko som også ein del nytta seg av.

Her ved Grand Canyon Nasjonalpark

Vi køyrde til byen Williams på Route 66 og vidare denne berømte vegen vestover til Seligman kor vi fekk sjå eit Wild West show.

Reisegruppa har komne fram til Las Vegas i Nevada og vi fikk blant anna oppleva Las Vegas også om natta, der ingen ting stod stille.

Vi besøkte ingeniørkunst ved Hoover Dam. Byggingen starta i 1931 og den stod ferdig i 1936, to år tidligare enn planlagt.

 DSC0500 DSC0512

Vi køyrde vestover gjennom Mojava ørkenen og kryssa over delstatsgrensa til California. På vegen stoppa vi ved den gamle gruvebyen Calico, som i dag er ein spøkelsesby langs Route 66.

Her er gruppa i Yosemite National Park, ein av dei eldste og mest kjende nasjonalparkane i USA. Vi koste oss i det vakre været og kunne ta fine bilder av pittoreske fjellformasjon.

Liten lunsj ute i Modesto, California, Park Inn

Vi køyrde mot San Francisco over den kjende Golden Gate Bridge som er 2,7 km lang og som er ein del av California State Route 1.

Vi har endeleg komne fram til San Francisco, ein koselig storby ved sjøen.

På veg til Alcatraz, den vidkjende fangeøya i San Franciscobukta. I si tid var dette det mest sikra fengselet i heile Amerika.

Fra China Town i San Francisco, den største kinabyen utanfor Kina

Utsikt fra restaurant ved Union Square i San Francisco

Frå San Francisco på tur sørover langs Stillehavskysten på Highway 101, ein av dei mest kjende kystvegane i verda og me stoppa fleire ganger for fotografering.

Etter overnatting i Cambria, California Cambria Pines Lodge, held me fram sørover kystvegen og stoppa i den danske byen Solvang og vidare stoppa i Santa Barbara, der mange filmstjerner bur, og mange filmar er spela inn.

Her køyrde vi mot Los Angeles for å sjå Hollywood, og stoppa i Malibu og fekk sjå nokre av dei fantastiske stjernehusa før me kom til bydelen Glendale og overnatta der.

Vi vitja det verdskjende filmstudioet Universal Studios, og fekk mellom anna sjå korleis action og katastrofar i film vært laga.

 DSC0028

Stor avreisemiddag i Glendale California Embassy Suites. Olav Kjell Moen takka på vegne av reisegruppa Astrid Myran Aarvik for ein fantastisk fin tur. Astrid takka også reiseleiar Dennis for ein fin og opplevelsesrik tur der alt gikk på skinner.

Nest siste dagen utforska vi Los Angeles. Vi opplevde Downtown Hollywood og Beverly Hills med Music Center, Walk of Fame, Hollywood Boulevard, Rodeo Drive, The Chinese Theater der Oscartildelingane går føre seg kvart år, osb. Vi avslutta dagen i bydelen Santa Monica og Venice Beach. Endestoppen på Route 66. Siste dagen hadde vi fri til shopping.

 DSC0203 DSC0234 DSC0242 DSC0239

Disse var med på turen i USA:

Guri Nordheim, Svein Nordheim, Anne Lise Heggestad, Paul Hestetun, May Karin Øyre, Jan Anders Øyre, Rigmor Nilsen, Steinar Hovland, Ellen Andersen, Arnt Ivar Ødegård, Inga Jane Vie Karlsen, Arvid Karlsen, Solfrid Henjum, Vidar Lerum, Arnfinn Haug, Ellen Marie Haug, Aud Hjelle, Tor-Arne Volden, Irene Andersen, John Smedegard, Sissel Nelly Vee, Egil Jørgen Lund, Irene Sanden, Terje Lindborg, Turid Marie Klubben, Ingar Klubben, Rigmor Furseth Bjørk, Johnny Bjørk, Olav Kjell Moen, Marit Høgheim, Jan Erik Øyre, Aud Jane Hestetun, Mette Bruheim, Jørgen Bruheim, Oddrun Fredheim, Magnar Fredheim, Jorunn Hillestad, Norvald Bjørn Hillestad, Jenny Osland, Norvald Osland, Astrid Myran Aarvik

Foto og text: Egil Jørgen Lund

Les mer

Strondi-møtet

Strondi-møtet på Klingenberg går av stabelen onsdag 11. november, slik det har vore annonsert tidlegare. Datoen som stod i Det Skjer (tysdag, 10.) er altså feil.

Mvh

Styret  i Sogelaget

Les mer

På Vestkysten


Her er eit bilete frå USA-turen til Årdal Sogelag i oktober/november 2015. Biletet, som me har lånt frå Facebook-sida til turleiar Astrid Myran Aarvik, syner turfølgjet på eit utsiktspunkt på Vestkysten.
Les mer

Nye strondikveldar

Årdal Sogelag har lova publikum ei ny "Strondi-kveld" i haust og det skal det bli.
Denne gongen tek me føre oss miljøet i Strondi i etterkrigstida til tidleg på 60-talet. Me ser på oppbygginga av den "nye" Strondi med bygningar og brakker både til næringsverksemd og bustader, og om folkelivet med Folkets hus og Sentrum Cafe som viktige samlingsstader.

Det vert to forestillingar,  fredag 30. oktober og onsdag 11. november. Me har valt å køyra programmet to dagar slik at det ikkje skal verta så trongt som sist.

Arrangementet vert på Klingenberg Hotel.
Tid begge kveldar: frå klokka 19.00 til  om lag klokka 22.

Det vert ein halvtimes pause midt i programmet der hotellet serverar "hedlekaker", gjærkringle og kaffi i restaurant Store-Jens.
Dette inngår i inngangspengane,   100 kroner, som skal betalast i resepsjonen på hotellet når ein møter.

NB! Hotellet ber om at eventuell  mat-intoleranse vert gjeve beskjed om ved påmelding.
Påmelding skjer til hotellet på telefon  57 66 58 00.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Årdal Sogelag og Klingenberg Hotel.  

 

 

 

 

 

 

Les mer

Hjarteleg takk

Årdal Sogelag takkar på denne måten for minnegåver til laget i samband med Per Oma Hæreids bortgang.

Med helsing

Styret i Årdal Sogelag

 

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter